top of page

Har du kontroll på syuttrykka?

Det er mange ord og uttrykk i saum som kan vere lurt å kunne. Her har eg laga ei liste til deg, så du kan holde oversyn når du går i gang med nye prosjekt:




Delbar glidelås: Glidelås som kan delast i to nedst.

Fôr: Eit lag med stoff på innsida av plagget.

Kaste over: Sikre råkanten på stoffet ved å sy sikksakk eller overlock rundt.

Klippe mot brett: Legge stoffet dobbelt, legge mønsterdelen mot bretten og klippe rundt dei tre andre sidene. Når du brettar ut stoffet, dannar bretten midten på til dømes framstykket.

Knappestolpe: Stripa fremst på skjorta med knappar og knapphol. Legge opp: Brette opp og sy fast kanten av stoffet mot baksida, til dømes på kjolar og skjørt.

Linning: Ein falda eller dobbel kant kring opninga eller avslutninga på eit plagg, til dømes øvst på mange skjørt og bukser.


Livvidde: Målet rundt livet ditt. Mansjett: Den nedste delen av erma på ei skjorte eller bluse.

Overlock: Ein type symaskin som kan brukast til å sikre råkantane, blant anna.

Presse: Stryke med strykejernet. Quilt: Fleire lag med stoff sydd saman til eitt, slik at det blir eit tjukt lag.

Rette mot rette: Det å legge rettsida av det eine stoffet mot rettsida av det andre stoffet.

Rynke: Trekke stoffet saman til ei kortare lengde.

Råkant: Kanten på stoffet der du har klipt.

Saumrom: Avstanden mellom kanten av stoffet og saumen din.


Sikksakk: Ein saum som blir brukt til å sikre råkantane frå å rakne.

Skråband: Eit band som er klipt på skrå og dermed er elastisk. Kan til dømes brukast til å sikre eller pynte kantar på eit plagg.

Sprettekniv: Nåleverktøy med ein liten kniv til å sprette opp saumar.

Stingbreidde: Breidda på eit sting. Til dømes har rettsaum 0 i stingbreid- de, medan sikksakk har opp til full stingbreidde.

Stinglengde: Lengda på stinga du syr med. Det vanlege er stinglengde på 2,5–3 på normal rettsaum.

Stitch in the ditch: Ein «usynleg» saum frå rettsida som ein syr i «for- djupinga» frå ein eksisterande saum.


Synleg glidelås: Den vanlegaste typen glidelås. Glidelåsen er synleg frå rettsida.

Tråklesaum: Saum med lange sting som ein sprettar opp i etterkant.

Usynleg glidelås: Glidelås som ikkje er synleg frå rettsida.

Vlieselin: Limstoff som ein stryk på baksida av stoffet for å forsterke det eller gjere det stivare.

Vrange mot vrange: Det å legge vrangsida av det eine stoffet mot vrangsida av det andre stoffet.

Vrangsy: Sy saman delar med vrangsida ut, medan dei ligg rette mot rette. Ein vrenger prosjektet for å avslutte prosessen.




Comments


bottom of page