Nybegynnerkurs i Kragerø!
Dette kurset er for deg som drøymer om å lære å sy, og som ønsker oppstartshjelp for å komme i gang. Du vil lære grunnleggande syteknikkar ved å sy ei toalettveske over to kveldar.
Nybegynnerkurset går over to kveldar:
23. og 24. november, frå kl 18.30 til 22.00.
Kurset blir halde i Kragerø sentrum, i Rådhusgata 2 (gamle Central Hotell), og det er begrensa med plassar.
Dette får du:
-
7 timar sykurs med Christine Schwarz
-
Kursmateriell på papir med ulike grunnteknikkar innan saum
-
Oppskrift og materialer til å sy di eiga toalettveske
-
Eit digitalt introkurs til korleis du blir kjent med symaskina di , som du får tilsendt to veker før kursstart.
-
Tilgang på digital innspeling av «Sy di eiga toalettveske» som du får tilgang til rett etter endt kurs (verdi 259,-).
-
Materialer til å sy toalettveske under kurset.
-
Tilgang på syutstyr som sprettekniv og stoffsaks.
Kursholder: Christine Fure Schwarz
Antall deltakere: 6 stk
Nivå: Nybegynnar
Pris: 1645 kr inkludert oppskrift, digitalt kurs og materialer
Tidspunkt: 23. og 24. november
Sted: Rådhusgata 2 (gamle Central Hotell)
Aldersgrense: 16 år
Dette lærer du:
-
Korleis lære å bruke symaskina (dig. introkurs i forkant)
-
Grunnleggande saumar som sikksakk og rettsaum
-
Quilte fleire stofflag saman
-
Sy i glidelås
-
Sy med vatt
For å delta på kurset treng du:
-
Symaskin. Kanskje du kan låne ei om du ikkje eig di eiga?
-
Knappenåler
-
Undertrådsspolar (det følger vanlegvis nokre spolar med maskina).
-
Å bli litt kjend med symaskina di. Dette får du hjelp til via eit digitalt introkurs eg sender deg i forkant av kurset. Du vil blant anna lære å tre maskina, feste tråden og byte mellom sikksakk og rettsaum.
P.s. Du vil få tilgang på syutstyr under kurset, men det kan vere praktisk å skaffe noko grunnleggande utstyr som du også vil trenge etter endt kurs: stoffsaks, sprettekniv og sytråd i eit par ulike fargar
Ved kjøp av kurset får du gratis tilgang til ei digital innspeling av korleis sy toalettveske (verdi 259,-). Denne får du automatisk tilgang til i etterkant av kurset