top of page
ferdig header og post.png

LÆR DEG Å SY
er no stengt for påmelding

2.png

LÆR DEG Å SY er eit annleis og praktisk nybegynnarkurs med teknikk og teori smelta inn i syprosjekta vi skal gjennomføre saman. Kurset er heildigitalt, og kan takast i eige tempo direkte frå kjøkkenbordet!

Gjer det og lær det!

Er du som meg, som lærer ting best gjennom å faktisk gjere det? I LÆR DEG Å SY er teorien smelta inn i syprosjekta vi skal gjennomføre saman. Det betyr at det ikkje blir oppleksing og foredrag i rettsaum, vrangsaum, korleis sy glidelås osv. I staden syr vi tre ulike prosjekt der du lærer alle desse teknikkane du kan ta med deg vidare.

IMG_1212.JPG

Dette lærer du!

I LÆR DEG Å SY får du tre syprosjekt med videoguide som du har tilgang på i eit heilt år! Du kan følge køyreplanen min, om du treng eit spark bak for å komme i gang, men det er valfritt! Dei tre prosjekta vi saman skal sy er overkommelege og av mindre storleik, sånn at du kan vere sikker på at du faktisk får gjennomført dei til tross for hamsterhjul, legging av kids eller ein travel jobb. .

Sygjengen samlast også i ei lukka gruppe der ein kan stille spørsmål både til meg og kvarandre undervegs, og du får tilgang på ein haug læringsressursar og oppskrifter!

alt dette får du(1).png

Prosjekt 1 - sy med mønster

Det første prosjektet vi går i gang med er eit forkle som vi syr etter eit mønster. Synest du mønsterark og oppskrifter er forvirrande greier? Det synest alle i starten! Vi tar det roleg og inn med teskei, og når du er ferdig er eg sikker på du har fått smaken på å teste fleire mønsteroppskrifter! Og då står eg klar med ei liste over nydelege nybegynnarvennlege forslag!

Design uten navn(2).png

Prosjekt 2 - quilta toalettveske

I vårt andre prosjekt, hoppar vi rett ut i det mange fryktar: glidelåsen! Gjennom å sy ei fresk, lita toalettveske skal vi i fellesskap overvinne frykten for både vrangsaum og glidelås. Og veit du, det er faktisk ikkje så skummelt når vi først kjem i gang? Hugs at du kan stille meg spørsmål undervegs!

_edited.jpg

Prosjekt 3 - intro til redesign

Når vi går i gang med vårt tredje syprosjekt, vil eg ta deg med inn i det kreative. Det viser seg at ein ikkje treng så mykje meir enn basiskunnskapar i saum før inspirasjonen plutseleg blømer! Dette er eit ekstremt lavterskel-prosjekt, der vi transformerer ei herreskjorte til ei snerten off shoulder-bluse.

Siste frist for påmelding: 20. mars

Felles oppstart med omvisning og velkomst-live: 1. april

illustrasjonsbilete 2_edited.jpg

Eit praktisk nybegynnarkurs

LÆR DEG Å SY

2345 kr

Slik fungerer kurset

Når du melder deg på LÆR DEG Å SY får du ein e-post som stadfestar kursplassen din, og info om kva utstyr du treng for å gjennomføre prosjekta (sjå også liste nedst på denne sida). Siste frist for påmelding er 20. mars, og kursportalen opnar den 1. april. Når kurset opnar møter eg deg live for ein felles introduksjon av kuret og omvisning inne i portalen (du kan vere anonym, om du vil :). Det vil også bli presentert ein køyreplan du kan følge for å komme raskt i gang, men du kan også heilt fint sjå videoane i akkurat det tempoet du sjølv ønskjer.

 

Innhaldet i kurset til  LÆR DEG Å SY får du tilgang på i eit heilt år. 

"Som nybegynner følte jeg at jeg fikk masse hjelp og god oppfølging under kurset. Jeg har også brukt video-kurset flere ganger etterpå og videoene er enkle å forstå. Anbefaler virkelig å gå på kurs med Christine"

Mari Venevill Stenhammer

- deltaker på fysisk nybegynnerkurs med tilhøyrande digitalt kurs

Er kurset for meg?

LÆR DEG Å SY er for deg som:

  • Er nybegynnar, eller 100% fersk bak symaskina.

  • Synest symaskina er ein lumsk og skummel skapning,  som treng at nokon gir deg eit dytt for å komme i gang.

  • Vil lære deg the basics for å utfolde deg kreativt innan redesign og andre syprosjekt! 

  • Drøymer om å sy din eigen garderobe, og som ikkje veit heilt kor du skal starte.

  • Er redd for å gjere feil undervegs, og som treng nokon å spørre om råd og hjelp når det stoppar opp.

  • Vil bli ein meir sjølvstendig og sjølvsikker syar.

Eg vil bli med på
LÆR DEG Å SY!

Hurra! Du kan velje mellom to prisalternativ:

Betal 1 gong

2345 kr

DETTE FÅR DU:

 

  • Eit heildigitalt nybegynnarkurs i saum

  •  3 syprosjekt med oppskrift og videoinstruksjonar

  • Støtte og rettleiing av Christine Schwarz undervegs

  • Sjølvstyrt læring: Lær i ditt eige tempo, tilpassa din timeplan.

  • Bonusmateriale: Få fart på symaskina, 10 syoppskrifter for nybegynnarar, ordliste, m.m.

  • Tilgang til kurset
    EIT HEILT ÅR

Betal 2 gongar

1173 kr

DETTE FÅR DU:

 

  • Eit heildigitalt nybegynnarkurs i saum

  •  3 syprosjekt med oppskrift og videoinstruksjonar

  • Støtte og rettleiing av Christine Schwarz undervegs

  • Sjølvstyrt læring: Lær i ditt eige tempo, tilpassa din timeplan.

  • Bonusmateriale: Få fart på symaskina, 10 syoppskrifter for nybegynnarar, ordliste, m.m.

  • Tilgang til kurset
    EIT HEILT ÅR

  • Kven er kurset for?
    Kurset er laga for alle som ønskjer å lære seg å sy, uavhengig av tidlegare erfaringar eller ferdigheitsnivå. Anten du er heilt nybegynnar eller har litt erfaring med søm, vil kurset gi deg dei grunnleggande ferdigheitene du treng for å komme i gang.
  • Kor lang tid tar det å fullføre kurset?
    Det kjem litt an på den kvar enkelt deltaker. Kurset er sjølvstyrt, så du kan ta kurset i ditt eige tempo. Kurset er tilgjengeleg eit heilt år.
  • Kva utstyr treng eg for å delta?
    Du må ha tilgjengeleg ei symaskin for å kunne ta kurset, samt noko grunnleggande sytilbehør som knappenåler, måleband og saks. Ein treng også å ha tilgang på materialet som ulike tekstilar (her kan ein gjerne bruke gjenbrukstekstilar ein har liggande heime, som til dømes dynetrekk og gardiner), glidelås og strikk. Fullstendig liste over materialer får du ved påmelding til kurset.
  • Lærer eg å bruke symønster?
    Ja! Det første syprosjektet er eit forkle vi skal sy saman, med tilhøyrande symønster. Du får også oversyn over teikn og uttrykk som brukast i forbindelse med symønster.
  • Lærer eg å sy klær i dette kurset?
    Vi tar for oss ulike prosjekt i kurset, blant anna forkle, toalettveske og redesign av herreskjorte. Med dei grunnleggande syteknikkane du lærer i desse modulane, vil du fint kunne ta steget vidare å sy andre klede. Det følger også med mange gratisoppskrifter på klede i kurset som PDF, og Christine vil vere tilgjengeleg for spørsmål.
  • Eg har aldri sydd før, kan eg ta kurset?
    Absolutt! Du kan bli med i LÆR DEG Å SY sjølv om du aldri har tatt i ei symaskin før. I tillegg til steg for steg-videoar, får du også tilgang på "Få fart på symaskina" - eit gratiskurs som viser deg korleis du får i gang symaskina di.
illustrasjonsbilete 2_edited.jpg

Eit praktisk nybegynnarkurs

LÆR DEG Å SY

2345 kr

"Kurset var akkurat det som skulle til for å vekke syinteressen og få fart på symaskina. Vi gjennomførte flere syprosjekt basert på gjenbruksstoffer til stor inspirasjon for å fortsette syinga hjemme. Anbefaler på det varmeste å gå på kurs hos Christine!"

Solveig Marie Stenbæk

- deltaker på fysisk nybegynnerkurs med tilhøyrande digitalt kurs

Kva utstyr treng eg?

Du kan velje sjølv om du vil bruke nye tekstilar eller stoff du har liggande til prosjekta dine. Sjølv brukar eg utelukkande gjenbrukstekstilar i form av gardiner, dynetrekk og dukar. Det er både bra for miljøet og fint for lommeboka. Under finn du ei liste over utstyr du treng for å gjennomføre dei tre videokursa:

 

Forkle:

  • Eit fast stoff, til dømes ei gardin eller ein duk, ca. 150 cm x 210 cm

 

Toalettveske:

  • Glidelås lengde 30 cm

  • Fast stoff: 2 stk 30 x 40 cm

  • Vatt 30 x 40 cm (gjenbruksalternativ: fleeceteppe)

Redesignprosjekt:

  • Ei herreskjorte som er litt for stor for deg

  • Strikk med 1 cm breidde som når deg rundt skuldrane

  • Sikkerhetsnål

Elles må du ha tilgang til:

  • Symaskin

  • Måleband

  • Stoffsaks

  • Sytråd

bottom of page