Kva treng ein av utstyr når ein skal gå i gang med eit syprosjekt? Det er lett å bli overvelda av alt ein kan kjøpe på ein sybutikk. I realiteten kjem ein faktisk veldig langt med berre saks, måleband og symaskin. Men, det er jo mange greier det kan vere kjekt å ha. Her er nokre av dei tinga eg meiner ein bør ha (i tillegg til dei tre første tinga eg nemnde) og nokre ting som kan vere kjekt å ha. Hugs at ein kan skaffe ting undervegs! Leik deg med den kreative prosessen og sjå an behovet langs med.
Bør ha:
symaskin
måleband
stoffsaks
knappenåler
sikringsnål
strykejern
sytråd
sprettekniv
Kjekt å ha:
krit
saumometer
trådkuttar
fleire typar maskinnåler
sikksakksaks
lita stoffsaks (til å klippe detaljar)
skråbandsbrettar
saumbyste
fingerbøl
Comments