top of page

Enkle syoppskrifter

Sliter du med å komme i gang med syinga? Kva med å teste ut ein av syoppskriftene under? Dei er alle nybegynnarvennlege og syast heilt utan mønsterark. Desse oppskriftene har hverken glidelås eller kompliserte syteknikkar. Og lurer du på noko undervegs, kan du alltid sende meg ei melding på instagram: @silkeogdynamitt.



Omslagsbukse Denne buksa er superartig å sy og superdeilig å ha på seg! Du syr buksa basert på eigne kroppsmål og klipper delane ut av to store firkanta bitar med stoff. Alt blir nøye forklart i oppskrifta med både illustrasjonar og bilder.





Omslagsjakka kan syast som ei varm vårjakke av eit gammalt ullpledd, eller av tynnare tekstilar om ein vil ha den meir sommarleg. Du kan også sy den som slåbrok/morgonkåpe. Omslagsjakka består av firkanta bitar av stoff, og er konstruert med utgangspunkt i eit tradisjonelt primærsnitt som er nytta i alt frå bunadskjorter til kimonoar, veldig lettfatta og lett å følge. Ei fin og enkel syoppskrift.


Pennal Sy pennal til sminkekostane, penslane eller strikkepinnane dine! Oppskrifta er svært nybegynnarvennleg med undervegsbilder og illustrasjonar. I tillegg til vanleg syutstyr som symaskin, måleband, treng du: - strikk - band (her kan ein bruke det ein har, for eksempel gaveband eller ei skolisse)


Drøymer du også om digre hårsløyfer i håret? Denne saftige sløyfa syr du av tre firkantar som vrengast og syast saman for hand, og deretter festast på ei klemme. Høyrest ikkje så avansert ut, eller? Oppskrifta er svært nybegynnarvennleg med undervegsbilder og passar perfekt til stoffrestane dine.



Dersom du er i humør for litt omsøm, kan eg friste med to veldig artige redesign-oppskrifter av gamle herreskjorter:



bottom of page