top of page
Omslagsjakke, syoppskrift (PDF)

Omslagsjakke, syoppskrift (PDF)

159,00krPris

Sy omslagsjakka di sjølv! Kan lagast både som jakke eller kåpe. 

 

Oppskrifta kjem som nedlastbar PDF-fil, og du syr jakka ut i frå eigne kroppsmål.

 

Omslagsjakka består av firkanta bitar av stoff, og er konstruert med utgangspunkt i eit tradisjonelt primærsnitt som er nytta i alt frå bunadskjorter til kimonoar.

 

Som bonus til oppskrifta viser eg deg ogå korleis du kan sy ein lang slåbrok med splitt i sidene med enkle grep. 

 

I tillegg til vanleg syutstyr (som symaskin, sytråd og måleband) treng du:

  • stoff til å sy jakka av (her kan ein bruke kva som helst, men ein treng ganske mykje. Eit ullpledd eller eit dynetrekk er eit perfekt utgangspunkt)
  • Vlieselin (limstoff til å avstive knyteband og slag)

 

Oppskrifta kjem som ei nedlastbar PDF-fil. 

 

  • Format

    Nedlastbar PDF-fil

  • Storleik

    Omslagsjakka syr ein basert på eigne kroppsmål og passar difor alle storleikar. 

  • Bonus

    Du får også med framgangsmåte på korleis sy ein slåbrok basert på oppskrifta til omslagsjakka. 

bottom of page