Vaffelsøm er ein elastisk søm ein syr med vanleg overtråd og elastisk undertråd (strikktråd).
Strikktråden spolar du på ein undertrådspole for hand eller på maskin. Eg synest det er lettast å spole på for hand, då surrar du berre tråden rundt og rundt spolen medan du drar litt i strikken. Om du bruker maskin, kan det også lønne seg å dra litt i strikken, så han strekker seg. Då fyller ikkje spolen seg opp altfor fort.
Til overtråden bruker du vanleg sytråd som passar til stoffet. Som regel går det fint å sy vaffelsøm med heilt standard innstillingar, men ein må prøve seg fram litt, alt etter kva stoff ein skal sy i, og kva maskin ein har. Tommelfingerregelen er at stoffet krympar til halv storleik. Om du skal sy noko som skal passe deg til dømes kring midja, må du doble desse måla.
Har du lyst å teste ut vaffelsøm i eit redesignprosjekt? Kjøp oppskrift på vaffelbluse her!
Comments